Kva er senebetennelse i håndledd og arm?
Senebetennelse i håndledd og underarm er ein tilstand der muskelsener og seneskjeder er betente, derav navnet…..
Ein kan nokre gonger kjenne at det «knirkar» i senane og bevegelse og belastning gjer vondt. Dette kjem gjerne snikande over ein periode om ein har utsett eit området for høgare belastning enn vanleg.
Dette er noko mange trommeslagarar har kjennskap til då dei i sin iver etter å få opp hastigheta på trommestikkene gjerne øver svært mykje og på ein måte som belastar meir enn det gagnar då ein gir “ jærnet” og det blir for intenst over for kort tid.
Kva er årsaken?
Senebetennelse oppstår på grunn av overbelastning og einsidig bevegelsesmønster over tid. Me er ikkje laga for å sitje sju, åtte timer om dagen og gjere dei same bevegelsane om att og om att.
Omkring håndleddet og alboge finnst det mange muskel sener, senefester og seneskjeder (desse omsluttar senene og bidreg til betre gliding/bevegelse).
Alt dette kan bli betent ved overbelastning, eller etter ein skade (støyt, slag eller kutt). Når seneskjeda er betent og hoven vil senen få trangare rom å bevege seg i, noko som ofte medfører smerte ved bruk av handledd og arm.
Trommeslagarar er i høg grad disponible for senebetennelse då dei trenar finmotorikken sin ved øving og speling på instrumentet sitt.
Dette gjeld for eksempel og for yrker som medfører mykje og intens skriving på tastatur.
Korleis diagnostiseres senebetennelse?
Fastlegen vil foreta ei grundig undersøkjing av handledd og arm. Kartlegging av symptom, kvar smertene sit og korleis det oppsto er som regel nok til å stille diagnosa.
Korleis behandlast senebetennelse?
Hensikta med behandling er å avlasta handledd, underarm og fingrar slik at betennelsen går tilbake.
Det er viktig at handa/armen blir holdt i ro og avlastast. Dette er det primære behandlingstiltak saman med støtte forbinding og smertestillande. Ved belastning og styrketrening innafor smertegrensa kan bruk av elastisk støtte forbinding verke førebyggjande.
Injeksjonar med same verknad som betennelses dempande medikament kan være aktuelt der betennelsen ikkje går over etter eit par veker.
Varar betennelsen over to veker vil ein gjerne ta i bruk fysioterapi, massasje eller akupunktur som behandling.
Kun i kroniske tilfeller vil det være aktuelt med operasjon. Ein vil då splitte seneskjeda for å auke rommet sena kan bevega seg i.
NYTTIGE TIPS:
- 1. Ein vert gjerne ivrig og slår hardare og brukar større bevegelsar enn vanleg om det er noko nytt ein driv og øver inn, så for trommelsagarar kan det derfor være ein god idé og byte til ei tjukkare stikke då dette gir ein litt meir å arbeide med og på den måten kan avlasta grepet ein del.
- 2. Om ein og fokuserer på å få omdreiningspunktet (fulcrum) vekk frå tommelfinger og peikefinger, til tommel og langfinger vil grepet naturlig bli flytta til bakre del av handa, dette minskar risikoen for spenningar i musklane pga.grepet blir naturleg friare.
Korleis er langtids utsiktene?
I dei aller fleste tilfella går betennelsen tilbake når handa avlastast og får ro.
Dog har senebetennelse gjerne ein tendens til å vende tilbake om ein ikkje forandrar øvings praksisen sin og tilnærming til teknikk. Hugs at det er betre med 5-10-20 min. kvar dag enn to timar, ein dag i veka.
Tøying av underarmene anbefalast med den hensikt å prøve å halde muskulaturen smidig då det vil dempe danninga av nye spenningar.
STREKK ØVELSAR:
Drei den armen du ynskjer å strekke utover slik at håndflatene vender oppover. Ta så tak I fingrar og tommel og bøy dei nedover slik at du kjenner det strekk i armen. Finjuster slik at du får tak I området some er mest stramt og hald lett strekk i ca.90 sek.
Om du spelar tradisjonelt grep, hugs då å strekke spesifikt på tommel då desse små musklane lett får spenninger pga. ein ofte kompenserar for manglande teknikk. (Dette blir betre med øving, så ikkje gje opp)
Etterpå gjer du det same med oversida av underarmane då ein og brukar disse musklane, sjølv om ein øver på rebound teknikk.
Ved å gjere strekkøvingar jevnleg vil ein få meir glede av trommespelet sitt då bevegelsane blir mjukare og ein slepp å irritere seg over at ein må ta hensyn til smerter og ubehag.
Oppsøk fastlegen din om det ikkje går over etter to til tre veker.
Carpal Tunnell Syndrome.
Dette er ein tilstand der nerva (nervus medianus) som forsyner handa med sensorisk og motorisk informasjon til tommel sida kjem i klemme ved hånd rota og som kan setje ein trommeslagar ut av spel i lang tid.
Symptom kan være: nummenheit, tingling, smerter til olboge, smerter i handledd og hand, problemer med bevegeligheit i tommel, peikefinger, langfinger og gjerne halve ringfinger, svakt grep eller problemer med å bære vesker ol.
Det finns tre stadier av CTS så det gjeld derfor å avgjere kva for ein av dei ein har med å gjere før ein finn en behandlings strategi. Dette kan og veit fastlegen din.
Dei tre forskjellige stadiene er:
- Ødem/væskedannelse.
- Subluksasjon/bein ute av stilling i håndrot.
- Mjukvevsoppbygging/bindevev og spenningar. (Mest vanleg).
Betennelsesdempande og smertestillande som Naproxen og Ibuprofen eller kortisoninjeksjonar kan lindre symptoma for ein periode, men CTS blir i ca.50% av høva behandla med opererasjon etter ei stund, der symptoma er vedvarande.
Ein gjer eit snitt i vevet/fasciaen rundt handleddet for å lage mer plass og denne operasjonen er i dei fleste tilfeller vellukk, alt etter kor lenge plagene har vert og alvorlegheitsgraden av nerve innklemminga. Det kan ta fleire månadar før total heling oppnås.
Imidlertid skal ein hugse på at jo meir kroppen blir brukt jo meir treng den å sikre seg mot at skader oppstår, derfor produseres det mer bindevev i dei områda som blir utsatt for belastning, dette er kroppens eigne celler/fibroblastene og det er ein heilt naturleg prosess.
Her kan du lese om Thomas Lang og hans kamp med carpal tunnel syndrom.
Manuell behandling hos f.eks.Osteopat eller Massasjeterapeut med kjennskap til myofascial release kan hjelpe og anbefales ved senebetennelse, før ein går til det skritt og velge operasjon, dette er fordi kirurgiske inngrep lagar arrvev, som igjen kan føre til nedsatt beveglegheit, og det er ikkje er særlig gunstig for oss trommeslagarar.
For nokre år sidan gjorde eg eit stunt saman med Lage Thune Myrberget frå Trommer.no då me holdt ein liten seanse på NISS og tromme elevane på første året der, og senebetennelse var eitt av temaene me tok føre oss.