
Velkommen til mine tromme/musikksider! Her kan du lese litt om min bakgrunn og musikalske erfaring som bla. kjem frå: rock, pop, blues, funk, heavy metal, jazz, drum`n bass og country.
Opp igjennom åra har det og blitt ein del live og studio erfaring.
Ps. Ta gjerne kontakt om du treng trommeslagar til prosjekt o.l.
Biografi
Navn: Kai Kjartan Høgberg ,fødd 31.12.1973, oppvaksen i Fresvik i Sogn og Fjordane.
Som sju, åtteåring fekk eg auge på trommesettet som Fresvik skule hadde og etter det har trommer og musikk vore min store lidenskap i livet.
Starta som 10 åring med å spele kornett i Fresvik skulekorps, etterpå ei tid var eg innom althorn, dette var ikkje det heilt store for meg då det einaste eg ville var å spele trommer.
Dette blei etterkvart realitet og eg kunne ikkje ha det betre , sjølv om eg pent måtte finne meg i å dele trommesettet med fleire som og tykte det var gjevt å spele trommer.
Mitt fyrste trommesett kjøpte eg sjølv som 24 åring og det etter at eg midt i ei vanskeleg tid skjøna at eg måtte gjere noko med min musikk/tromme lidenskap.
Det blei eit blått Premier Signia som eg kjøpte på Schlagerforlaget i Oslo, dette blei flittig brukt heime på loftet i huset eg budde i.
Næraste grannar var ein flokk med sauer…..tilvekst resultatet det året er uviss pga.øvinga mi på seine kvelds timar.
Det var etter at eg såg Back To Basics med Dave Weckl at eg starta å øve meir målretta og strukturert ettersom eg skjøna at det var naudsynt å øve MYKJE for å kunne uttrykkje meg slik eg ville på trommene.
For meg har dette vore særs viktig då eg likar å øve og finne ut av ting. Samstundes har eg satt samspel med andre musikarar særs høgt.
Denne «metoden» har fungert for meg og over tid tatt meg nærare mitt mål om større fridom på trommesettet når eg spelar.
Det er heile tida viktig for meg med utvikling, både teknisk og stilmessig. Eg blir lett inspirert av ting og tang rundt meg og brukar det aktivt i musikalsk samanheng. Det har opp igjennom åra blitt utallige timar med diverse tromme DVD`ar, og YouTube sjåing og eg jobbar framleis med å utfylle mitt potensial som musikar og trommeslagar.
Utstyr eg brukar:
Pearl Master Studio BRX.
Dimensjonar:
22 X 18 basstromme.
10 X 8 tom
12 X 8 tom
14 X 14 golvtam
14 X 6,5 Ahead Northridge Aluminum Skarp
Cymbalar:
13` Zildjian A Custom Top Hi-Hat.
13` Zildjian Z Custom Bottom Hi-Hat
10` Paiste Line Splash
14` Paiste Line Full Crash
18` Zildjian A Custom Full Crash
20` Zildjian K Custom Ride
Pedalar:
DW 5000 Hi-hat
DW 9000 dobbelpedal
Stikker:
Thomas Lang signatur model.
Power Wrist Builder, PWB – 170g, aluminum.
Drum Workshop Practice Anywhere
Øvings pad sett.
Real Feel øvingspad.
Skinn:
Evans EC2 Clear Top.
Evans Resonant Bottom.
Evans Eq3 basstromme.
Studio:
Mac Book Pro 13 med Logic Pro 9 og Superior Drummer 2.0.
Roland TD9KX, digital trommesett.
Musikalske krumspring:
2017- Sigh
2015 – Disco Dimension
2011 – Chrissi Poland
2011 – Gemmy Road
2011 – Fovlahovd
2010 – Moustache.
2010 – Junk Funk.
2010 – Fårikål, Drum`n Bass Improvisation.
2009 – B-Joe.
2009 – B-Joes`Blues Joint.
2008 – Ballroom Haze.
2008 – Rubini.
2002 – 2006 Atoll, Rock.
2001 – Poor Mans Hollywood.
2000 – 2002 Grav Storband.
2000 – 2001 Oslo Post Orkester.
1984 – 2001 Fresvik Skulekorps.
Lærarar:
Lage Thune Myrberget.
Jarle Vespestad.
Thomas Lang.
Lars Juul.
Meistarklassar:
Anika Nilles, Dave Weckl, Peter Erskine, Steve Smith, Chris Coleman, Gavin Harrison, Bill Platt.
Dennis Moody, Byron Browne, Vinny Valentino, Chrissi Poland, Per Oddvar Johansen, Erik Smith, Jarle Vespestad, Karl Oluf Wennerberg, Birger Mistereggen, Danny Gottlieb, Adam Nussbaum, Mark Schulmann, Virgil Donati.
Trommecampar:
Drum Fantasy Camp, Cleveland 2011.
Thomas Lang Drumming Boot Camp, London 2010.
Plateinnspelingar:
Atoll, Undertow 2005.
Focus, daily improvement and time equals genious
Robin Sharma
Stay up late for your thing
Tommy Igoe
Hone Your Craft
Thomas Lang