Kul Trommis er live, sjekk ut og velkommen!

Kul Trommis er eit resultat av at eg som sju, åtteåring såg eit trommesett for fyrste gong, og blei hekta og har vert det sidan. Den energien som ligg i trommer og trommespel er for meg heilt magisk og eg kan ikkje forklare det med andre ord enn lidenskap og nysgjerrigheit ved alle dei forskjellige lydar og kombinasjonar som er mogleg med dette instrumentet.

Sjølvsagt ligg det og ein fysisk fasinasjon og utfordring i dette, der alle fire (fem om ein tar med stemma) lemmer er involvert og det ligg eit utruleg stort arbeid bak om ein verkeleg ynskjer å mestre alle aspektene ved trommesett spel, som f.eks.uavhengigheit mellom armar og bein, dynamikk, hastigheit og kontroll.

Når eg no tek steget å tilbyr tromme undervisning så er det eine og åleine for å kunne gi noko tilbake til dei som måtte ha denne interessa og som ser verdien i å ha ein lærar. Sjølv hadde eg ingen tromme lærar då eg byrja, men eg høyrde mykje på musikk, såg på MTV (jepp, så lenge sidan er det) og prøvde å lære meg så mykje eg over hovudet kunne med dette.

YouTube er ei framifrå kjelde for auke kunnskap og for inspirasjon, men det er allikevel noko spesielt med at to eller fleire mennesker med samme interesse møtes for å utforske dei moglegheitar som ligg i det. Etter å ha spelt trommer i trettifem år, i ei rekkje band og samansetjingar, ynskjer eg no å utforske lærar sida av meg sjølv der eg vil prøve å by på litt av meg sjølv og mi eiga speling, men hovedfokuset blir på å lære vekk til deg.

Min tilgong til trommespel har alltid vert å kunne spele det eg høyrer inne i hovudet mitt og eg vektlegg derfor mykje teknikktrening for å utvikle eit større vokabular og fridom for å kunne uttrykkje seg slik ein ynskjer. Musikk og tromming er og ei kunstform og derfor er det viktig å kunne klare å uttrykke det ein har på hjartet.

Det viktigaste parameteret er uansett evna til å kunne spele saman med andre, og det er fullt mogleg å være kreativ utan teknikk. Derfor blir undervisninga delt opp i ulike trinn/progresjons sekvensar der me utforskar alle, i mine auger, dei viktigaste elementa som må på plass/arbeidast med for å bli ein mer allsidig og KUL TROMMIS og som folk ynskjer å arbeide med.

Ps. Har du spørsmål til Kul Trommis er du velkommen til å sende ein e-post. Eg vil og setje stor pris på tilbakemeldingar, både ris og ros fordi eg ynskjer å dele og utvikle denne sida slik at eg best mogleg kan hjelpe deg til å bli ein kul (are) trommis!

Hugs og å melde deg på e-post lista og få alt av oppdateringar rett til din innboks.

 Med venleg helsing Kul Trommis!

Følg, del og lik Kul Trommis:

Leave a Comment