Friheit på trommene har alltid stått høgt på prioriteringslista mi.

Friheit på trommene er konge og der er få ting fasinerar meg meir enn dette og folk som beherskar det og i tillegg får det til å både sjå og høyrast enkelt ut har stjernestatus hos meg.

Fraser som «less is more» og «det er altfor mykje» får meg ofte til å sjå raudt. Ganske enkelt fordi dei trommisane som har øvd opp desse evnene ofte er fullt klar over at dei ikkje skal bruke dette overskotet heile tida. Faktum er at større friheit på trommene gjer ting enklare og du har dermed fleire valgmoglegheiter til å sei det du ynskjer. Gir det meining?

Å kunne spele det musikken ber om er ei anna evne som og skal trenast mykje på.

Det verkar som om » fortendedelar » og teknikk » alltid » har hatt eit litt frynsete rykte blant musikarar, som om det slett ikkje er nødvendig å øve på i det heile.

Det er klart det går an å være kreativ utan teknikk og teknikk utan musisering er kun teknikk, men teknikk er eit fantastisk verktøy som gjer ting enklare i forhold til å kunne uttrykkje seg, i allefall om ein ynskjer større frihet på trommene.

Musikk er og ei kunstform og det er vel eigentleg få som lar være med å lære seg så mykje som mogleg for å kunne få fram kunsten sin på ein måte som representerar kunstnaren på best mogleg måte..!?

Alle avanserte ting begynnar med grunnleggande kunnskap om korleis ting kan settast saman og utveklast, kombinasjons moglegeitane kan bli uendelege om ein beherskar ulike teknikkar.

Så om du er ein teknikk nerd slik som meg skal du ikkje ha dårleg samvit, prøv heller å omfavne det og begynn å arbeide med det fordi det vil gje moglegheiter litt lenger nede i vegen.

Trommer er eit veldig fysisk instrument og det einaste som vil gi resultat er å fysisk gjere det, internalisere og integrere det slik at det til slutt blir ein naturleg ting å gjere for deg. Ein kan nemleg ikkje lese seg til gode fysiske ferdigheiter om ein ynskjer større frihet på trommene.

I denne videoen får du kanskje eit lite innblikk i kva eg meinar.

Å ha større friheit på trommene gir deg fleire valg moglegheiter.

Lyst til lære meir om korleis du kan oppnå større frihet på trommene?

Kontakt meg her.

Følg Kul Trommis på Twitter

Følg, del og lik Kul Trommis:

Leave a Comment